Jorellas fristed - Fra sangboken.

Syng kun i din ungdoms vår.


Syng kun i din ungdoms vår,i din lyse sommer.Sangens vell fra hjertet går,og til hjertet kommer.Engang dine ungdoms kvad,vil når høsten kommer glad,tone deg i møte.


 Håret gråner, sangens elv,flyter mere stille.Rinner før du ved det selv,ut i minnets kilde.Sødt er da hvert ungdoms kvad,som en røst vemodig glad,i de tause lunde .

4f8ae81a187bd15042012.gif

Å leva det er å elska.


Å leva, det er å elska Det beste di sjel fekk nå;
Å leva, det er i arbeid Mot rikare mål å trå.


Å leva, det er i livet Å finna det største verd; Å leva,
det er å vinna Til sanning i all si ferd.


Å leva, det er å leggja All urett og lygn i grav; Å leva,
det er som havet Å spegla Guds himmel av.

4f8ae858423fa15042012.gif

Fager kveldsol smiler.


 Fager kveldsol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.

Berre bekken brusar
frå det bratte fjell,
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld!

Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
ingi klokke bera
honom kvilebod.

Så mitt hjarta stundar,
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.

4f8ae91ea9d8015042012.gif

LERKA


Og vesle lerka, ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
so kved ho i med sin finaste song,
so trur ho på våren med ein einaste gong.
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"

Og vesle lerka, ho hev det slik
at finn ho ein solstråle, so vert ho rik.
Då stig ho i høgdi og trallar i lit
til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"

Og lyngtuva, det er lerka sitt fat.
Der set ho seg ned, og so fær ho seg mat.
Og når ho er mett, ho takkar so glad
vår herre for maten, med kvitter og kvad
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili, tirili-ti!"

Gud signe deg! Du er fuglen min, du!
Gud signe no deg med di glade tru!
Og møter eg kulde og snjo på min veg,
Gud gjev meg i soltru å kveda med deg:
"Å hei! Å hi! Å tiriliti! Å tirili-tirili-ti!"

4f8ae9864373e15042012.gif

Alle fugler.


Alle fugler små de er
kommet nå tilbake!
Gjøk og sisik, trost og stær
synger alle dage.
Lerker jubler høyt i sky,
ringer våren inn på ny.
Frost og snø de måtte fly.
Her er sol og glede!

Blomster hvite, gule, blå
titter opp av uren,
nikker nå så blidt, de små,
etter vinterluren.
Skog og mark i grønne skrud
kler seg nå på Herrens bud.
Knopper små de springer ut.
Her er sol og glede!

Lille søster! Lille bror!
Kom, så skal vi danse!
Plukke blomster så til mor,
Mange, mange kranse!
Synge, tralle dagen lang!
Kråkestup og bukkesprang! -
Takk, o Gud, som enn en gang
gav oss sol og glede!

4f8aea5c5130f15042012.gif


  
 
Panel title
Antal besøg: 90468

Editing

-0.15976214408875sekunder